Saloonen

  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size

Old River Saloon blei stifta i 1999. Den tidlegare marknadshallen til Etnemarknaden skulle fjernast for å gi plass til utviding av Enge skule i Etne. Hallen blei kjøpt og deretter flytta frå skuleplassen og ned til garden som ligg ved Etne stadion og Etne kulturhus.

I den eine enden av bygget var det først hestestall, mens saloonen fekk plass i den andre. Namnet Old River Saloon kjem frå det faktum at ”Gamleelvo” gjekk gjennom dette området før Etneelva fann sitt nåverande løp. Saloonen hentar sin inspirasjon frå amerikanske saloonar slik me kjenner dei i filmar om Det Ville Vesten, og frå besøk på fenomenet ”road house” – barar/musikkhus i dagens USA der det blir spela live amerikansk tradisjonsmusikk.

I 2007 måtte hestane vika plassen for musikk og dans, då hestestallen blei gjort om til danse- og konsertsal med to barar og stor scene. I samband med dette blei hallen også utvida. Den nye salen går under navnet Pink Cadillac, etter Bruce Springsteen sin rockabillylåt med same namn. Ut frå veggen bak scenen stikk fronten av ein ekte rosa Cadillac fram. Tema for interiøret i denne salen er bilar, motorsyklar – og musikk.

Utvidinga gir stor fleksibilitet då lokala kan nyttast kvar for seg eller samla. Den gamle saloonen med stor overbygd terrasse er som skreddarsydd for arrangement på to-tre hundre gjester. Pink Cadillac med tilbygg tar seks-sju hundre gjester. Når heile countryhuset er i bruk, er det plass til ca 1 000 gjester.

Old River Saloon har ope kvar lørdag med country- og rock n'roll-musikk frå scenen. Me har også arrangert revyar og kabaretar. Lokala blir dessutan nytta til private arrangement; firmaturar, fødselsdagar, bryllaup, blåturar etc. Ta kontakt for tilbod! Saloonen er utstyrt med store fjernsynsskjermar, og større idrettshendingar blir vist på storskjerm.

 

Etne ligg 60 km nordaust på E-134 frå Haugesund, eller ca 140 kilometer vestover E-134 frå Haukeligrend.

 

Telefon: 975 24 667971 80 547.
E-post: This e-mail address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it

Velkommen til Old River Saloon! - Howdy!