Saloonen

  • Increase font size
  • Default font size
  • Decrease font size

Old River Saloon er eit spennande og livleg alternativ for dei som ønskjer seg ein tur ut på livet - på bygda! Me tilbyr mat, levande musikk, og for eksempel kurs/oppvisning i Country Line Dance. Skal de på firmatur, blåtur, bransjetreff? Ønskjer de å feira fødselsdag i eit spesielt miljø? Old River Saloon tar imot små og store grupper - etter nærmare avtale også på vekedagane, dersom det er ønskeleg.

Baren har alle rettigheter (øl, vin og brennevin) til klokka 01.30, og stenger dørene klokka 02.00. Mange har funne vegen til Old River Saloon i Etne når dei har noko å feira. Me tar også imot bedrifter som har behov for å komma saman utanfor eigne lokale, eller som er ute på blåtur. Old River Saloon tilbyr skreddarsydde opplegg både på mat, drikke, aktivitetar og underhaldning.

Old River Saloon tilbyr også overnatting i eige hus for 10-15 personer og i oppvarma telt for 20-30 personar.

Taco-buffet
Saloongryte/viltgryte
Saloonens biff
Spekemat-buffet
Sniperbiff
Kokken vår står også til teneste og set opp og lagar menyar etter ønske frå gjestene.

Kurs i linedance
Hesteriding
Kjøring med hest og vogn
Dart
Lassokasting
Quiz
Hesteskokasting

Musikk frå eige anlegg
Karaoke
Levande musikk i helgar og etter avtale andre dagar

 

Send ein e-post til This e-mail address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it This e-mail address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it, eller ring 975 24 667.

Load-In:
Via hovuddør eller sidedør til saloonen. Sidedør like ved scenen i Pink Cadillac.
Parkering: Rikeleg med parkering ved saloonen.
Barrierar: Tilgjengeleg i Pink Cadillac. Blir ikkje brukt i saloonen.
Backstage: Eit stort rom med tilgang til toalett og vask.
Internett: Ikkje tilgjengeleg.