Skal de på firmatur, blåtur eller bransjetreff? Ønskjer de å feira fødselsdag i eit spesielt miljø? Old River Saloon er eit spennande og livleg alternativ for dei som ønskjer seg ein tur ut på livet - på bygda!
Me tilbyr mat, levande musikk, og for eksempel kurs/oppvisning i Country Line Dance. Old River Saloon tar imot små og store grupper - etter nærmare avtale også på vekedagane, dersom det er ønskeleg. Baren har alle rettigheter (øl, vin og brennevin) til klokka 01.30, og stenger dørene klokka 02.00.
Mange har funne vegen til Old River Saloon i Etne når dei har noko å feira. Me tar også imot bedrifter som har behov for å komma saman utanfor eigne lokale, eller som er ute på blåtur. Old River Saloon tilbyr skreddarsydde opplegg både på mat, drikke, aktivitetar og underhaldning. Me samarbeider med Etne Camping om matservering til grupper i saloonen.